Omsetting av Lærartypane

Lærartypane

Jacob Jonia meiner det er viktig å forstå lærarane sin psykologi/psykologien til lærarane slik at ein veit  korleis ein skal bløffe dei. Han deler lærarstanden inn i tre grupper.

 

Dei unge og friske er lærarar mellom 25 og 35 år som alltid heiter Bent, Hans Ann eller noko anna kort, og dei går kledd i bondeskjorter eller underlege kjortlar med broderte mønstre, slik ein bare/berre får kjøpt i bruktbutikkar som støttar Zimbabve eller Mongolia.

Det er muleg/mogleg/mogeleg å få eit godt forhold/tilhøve til dei unge fordi  dei sjølv hugsar sin eigen skolegang/skulegong og sine eigne lærarar. Faren er likevel at desse er særs praktiske, og elevane blir kasta ut i all slags ubehagelege spel, gruppearbeid eller opplegg utanfor skolen/skulen.

 

Dei frustrerte er mellom 35 og 50 år. Dei utgjør/utgjer den store gruppa som trur dei ennå/enno er unge, men som innarst/inst inne veit at det er ei løgn/lygn. Dei frustrerte er farlege på den måten at deira opp- og nedturar skiftar, og det er derfor vanskeleg å vite/vete kor ein har dei. Ein testvits i begynninga/byrjinga av timen kan vere: ”Nei, for eit flott hår du har tatt på deg i dag.”

 

Hovudregelen er likevel at lærarar i denne gruppa er rimeleg rettferdige/rettvise når det gjeld karakterar, for dei har nemleg barn/born i same alder som elevane, kan hende til og med i deira eigen klasse.

 

Steinalderfunna er mellom 50 og 65 år og blir alltid kalla med etternamn. Dei heiter noe/noko som passar til deira vesen/vesenet deira, for eksempel/til dømes Gammelgård, Dyhr, Krykkeholm, Stokkeby eller liknande. Dei forstår seg ikkje på notida, og skjeller ut alt moderne pjatt. Problema  med ”steinalderfunna” er at dei ikkje forstår/skjøner/skjønar humoren i dag. Men lærarar som har halde det gåande så lenge, er innarst inne glade i å undervise, og glade i elevane. Det beste ein kan gjøre/gjere mot desse lærarane, er å oppføre seg sivilisert og vere så vasskjemma som muleg.